Skip to main content

Utsetting av gruvedrift på havbotn er ein siger for føre-var-prinsippet

  • Kristoffer Solberg Refsnes
  • Nyheter

Sist søndag vart regjeringa og SV einige om statsbudsjettet for neste år.

Ei av dei største nyheitene der ifrå er den mellombelse utsetjinga av gruvedrift på havbotnen. Årsaka er enkel, men viktig: Me har for lite kunnskap om konsekvensane, står det i avtalen mellom regjeringa og SV. Dette er eit tydeleg utslag av føre-var-prinsippet, eit prinsipp me i Anadrom støttar fullt ut.

Men kvifor er dette relevant for oss som arbeider med elvar og anadrom fisk? Fordi det illustrerer kor viktig det er å ha fakta på bordet før ein tek avgjerder som påverkar naturen. Historia har vist at mangel på kunnskap kan føra til uventa og uønskte resultat. Dagens utfordringar med oppdrettsnæringa og dei pågåande klimaendringane er klare døme på kva som skjer når me ikkje er på ballen frå start.

I Anadrom trur me på at rette avgjerder krev rett kunnskap. Me er ikkje ein næringsaktør, men me gjer råd til elveeigarlag og finansierer tiltak for å betre tilhøva for anadrom fisk. Difor nyttar me mykje ressursar på å sende biologar ut i vassdraga våre – stader som sjeldan eller aldri har hatt besøk av fagfolk før. Dette gjer oss verdifull informasjon som er naudsynt for å forstå korleis me best kan forvalta og verna om desse økosystema.

Denne innsatsen bidreg til å samla verdifull informasjon som kan nyttast av både elveeigarlag og Vitenskapeleg råd for lakseforvaltning. Gjennom dette arbeidet kan me sikra at forvaltinga av vassdraga våre byggjer på faktabasert kunnskap og ikkje på synsing.

Poenget er at anten det handlar om gruvedrift på havbotnen eller forvalting av elvar, er det avgjerande at me har tilstrekkeleg kunnskap før me tek viktige avgjerder. Med riktig informasjon kan me finna løysingar som gagnar både naturen og næringane. Difor må me setja fakta først.