Tung fagkompetanse – gratis
I denne vekeslutten ser me nærmare på kva det eigentleg er Anadrom hjelper med – i elva.
Når Anadrom hjelper eit elveeigarlag, kan me dela hjelpa inn i tre ulike fasar. I første fase er det ein del grunnleggande som må på plass, som blant anna organisering av grunneigarane i eit elveeigarlag, driftsplan, fangstkvotar for å sikra nok gytefisk og system for sal av fiskekort, fangstrapportering og statistikk.
I fase to, blir ting litt meir “hands-on”. Då kjem nemleg biologane, og heilt utan kostnad for grunneigarar og elveeigarlag, kartlegg dei vassdraga. Ein av desse biologane er Geir Dahl-Hansen, som me skal bli betre kjend med i denne vekeslutten.
Geir er opphavleg frå austlandet, men har busett seg i Tromsø, der han jobbar for Akvaplan-niva som biolog. Som mange andre biologar, har Geir doktorgrad. Og arbeidet hans går i stor grad ut på å ta oppdrag hjå folk som måtte trenga all den kunnskapen det medfører. Difor er det eit stort spenn i oppdraga hans. Geir har vore til både Russland og Svalbard, for å forska på det eine – og det andre. Dei siste vekene har han vore på Kjerringøy og rundt i Narvik-området, på oppdrag frå Anadrom.
Når Geir er på plass i elva, går han i gang med ei omfattande kartlegging.
– Når me kartlegger, gjer me ei biologisk vurdering av elva, både i forhold til korleis ho ser ut fysisk, og korleis botn er, fortel Geir.
Her spelar ei rekkje faktorar inn. Alt frå straumforhold og dybde, til type botn er viktig. Formålet med vurderinga er å koma fram til tiltak som kan auka produksjon av fisk.
– Om det er sand eller grus, og størrelsen på grusen, spelar ei viktig rolle i kor vidt elva er eigna for gyting.
Seier mykje om elva
Når dei skal sjå an forholda for oppvekst, måler dei blant anna hulrom mellom stein og slikt, for å sjå om det er mogleg for fisk å gøyma seg. Er det mykje sand og leire, kan det tetta desse gøymeplassane. Det er også i hulrom botndyr blir “produsert", seier Geir. Difor betyr meir hulrom, meir botndyrproduksjon og meir insekt for fisken.
– Så dei tinga me ser på, kan fortella oss ganske mykje om tilhøva i elva, og kva som eventuelt kan gjerast for å betra elva. I ei elv med tett botn kan det vera noko så enkelt som å prøva å skilla ut noko av sanden. I elver prega av stor stein, kan det vera motsatt. Då kan me tilrå dei å legga ut gytegrus, seier han og legg til:
– Dette er ting me vurderer heile tida når me går og ser på vassdraga.
Geir fortel at det er viktig for dei å koma seg ut og snakka med grunneigarane. Sjølv om det er han som er fagmannen, lærer han mykje om dei lokale forholda frå grunneigarane. Og så lærer grunneigarar mykje om oppvekst- og gyteforhold frå biologane, seier han. Med det same dei er ute i elva, ser dei også an moglegheita for å innstallera fisketeljar med video, så vel som om det er potensiale for nærmiljøtiltak. Det kan vera i form av blant anna stiar, og gapahukar.
Når alt er gjort, kjem dei, saman med Anadrom, med ein tiltaksplan for korleis ein kan auka antal fisk, og fiskarar. Basert på kva biologane har sett.
Tettar kunnskapshol i forvaltninga
Det er med andre ord ei omfattande kartlegging. Akvaplan-niva legg ikkje skjul på at det er råflott for småelver å få den type fagkompetanse, kompetanse som høyrer til ein prisklasse kun dei store elvene tidlegare har kunna nytt. Dagleg leiar i Anadrom, Atle Frøysland, påpeiker at økonomien bak forvaltninga av anadrom fisk, fører til kunnskapshol.
– Dei aller fleste elvene i Noreg er små og mellomstore. Likevel er det kun dei store som har råd til vettig forvaltning, seier han.
Difor vil Anadrom framover bygga eit eige fagmiljø med biologar, seier Atle. Og legg til at Anadrom vil kunna gjera det til ein vesentleg lågare pris enn det elles ville kosta, då det er ei ideell stifting. Akvaplan-niva skal hjelpa til å bygga opp fagmiljøet. Såleis vil Anadrom ikkje berre bistå elvene, men også hjelpa å tetta eit gapande kunnskapshol i forvaltninga av anadrome vassdrag.
I neste og siste fase hjelper Anadrom å kontrollera tiltaka i driftsplanen, og ser an om det trengst justeringar. Alt inngår i ein årsrapport som er god å ha i møte med samarbeidspartnarar, myndigheiter og som vedlegg til søknadar.