Skip to main content

Status og vegen vidare for stiftinga

  • Kristoffer Solberg Refsnes
  • Nyheter

Året går mot slutten, og på torsdag hadde Anadrom sitt siste styremøte for 2024.

Atle oppsummerte status for stiftinga, medan underteikna gjorde greie for arbeidet med kommunikasjon framover.

Så, kva er status?

Økonomien er stabil, med eit resultat rundt balanse for 2024. Stiftinga har investert i utstyr og tiltak som allereie viser resultat, særleg gjennom Prosjekt Nordland. 46 vassdrag er no kartlagt med elvebiolog, noko som har avdekka fleire overraskingar: dei fleste vassdraga har større produksjon av fisk enn venta, men kvaliteten på gyteområda er framleis ein begrensande faktor. Fisketeljing med videoovervaking har òg vist kor upåliteleg fangststatistikk åleine er som metode for å vurdere bestandane. Små, kostnadseffektive tiltak – utført i samarbeid med grunneigarar og lokale elveeigarlag – kan derfor gjere stor forskjell.

Framover skal me blåsa liv i Samarbeidsforumet, ein arena for dialog og kunnskapsdeling for grunneigarar og elveeigarlag. Målet er å styrkje den lokale forvaltninga av elvene og skape betre rammevilkår for anadrom fisk. Forumet har stort potensial til å bli ei sentral drivkraft, og neste år blir det eit prioritert arbeid å få fleire elveeigarlag og samarbeidspartnarar med på laget. 

Samstundes skal me i gang med eit Fagråd, eit rådgjevande organ som skal representere ulike grupper av stiftinga sine partnarar: grunneigarar, fiskarar, oppdrett og kraft. Saman med vitskapsfolk vil dei gi faglege vurderingar og bidra til å løfte arbeidet vidare. Rådet vil òg fungere som døropnar for samarbeid og finansiering, og blir eit viktig steg for å styrkje legitimiteten og forankringa i alt me gjer.

Neste år vil me bygge vidare på dei gode resultata frå Nordland og arbeide for å løfte små og mellomstore elvar dit dei høyrer heime – også i dei politiske prioriteringane. Samtidig som me ser på moglegheitene for å etablere prosjekt i fleire fylke. Med Samarbeidsforum og Fagrådet som sentrale verkemiddel skal me samle fleire partnarar, styrkje den lokale forvaltninga og finne løysingar som gir konkrete resultat – for elvene, fiskane og lokalsamfunna rundt. Stiftinga har allereie vist kor stor effekt målretta innsats kan ha, og me har mykje godt arbeid bak oss – og enda meir framfor oss.