Følg med!

Nyheter og artikler

Her kan du lese våre siste nyheter, aktuelle temaer og viktige oppdateringer fra våre samarbeidspartnere. 

10 stengte vassdrag opna for fiske i Nordland

  • Atle Frøysland
  • Nyheter

Hausten 2022 hjelpte prosjekt Nordland 2026 grunneigarar i 10 anadrome vassdrag i Lofoten, Rødøy og Lurøy som var stengt for fiske, å lage ein søknad for å opne vassdraget for fiske.
Av 14 anadrome vassdrag på landsbasis som får opne vassdraget for fiske i 2023 er 10 i Nordland. Dette viser at Miljødirektoratet har tillit til modellen Stiftinga Anadrom har utvikla til prosjekt Nordland 2026 for å opne stengte vassdrag for fiske.

I 2021 stengte Miljødirektoratet 804 av 1 275 anadrome vassdrag for fiske i 5 år. I Nordland der det er flest vassdrag med vill laksefisk (villaks, sjøaure og sjørøye) vart 140 av 270 vassdrag stengt. For desse vassdraga blinkar det eit raudt illevarslande lys.

Rekruttering av barn og ungdom til fiske sviktar, når dei ikkje kan fiske i si eiga lokale elv. Fiskestiar gror til, gapahukar forfell og tjuvfiskarar overtar elvane og det er eit ukontrollert uttak av gytefisk. Lokalt engasjement for vassdraga sviktar, det blir forgubbing i styret til elveigarlag, svikt i dugnad og kompetanse om vassdraga bygt opp i generasjonar går tapt.

Prosjekt Nordland 2026 har starta ein redningsaksjon for anadrome vassdrag. Målsettinga er å opne 75 prosent av stengte vassdrag i fylket. Arbeidet er utan kostnadar for grunneigarane, som får fagleg støtte til å etablere tre tiltak.

FORVALTNINGSLAG

I vassdrag der grunneigarane ikkje er organisert blir det etablert eit Forvaltningslag for den adrome delen av vassdraget. Med felles vedtekter blir det ei lik forvaltning av fiskeressursane og felles fiskeregler. Det blir meir fisk, betre fiske og økt trivsel på elvekanten.   

FANGSTKVOTAR

Elveigarlag brukar Stiftinga Anadrom sin kvotemodell for vill laksefisk, som er basert på føre-var prinsippet. Ein startar med ei forsiktig sesongkvote for heile vassdraget, som ein kan justere opp i løpet av sesongen om det er grunn lag for det. Det blir ein god balanse mellom det som kjem inn til vassdraget av fisk kvart år og det som ein haustar i fiskesesongen.

Resultatet er meir gytefisk, meir smolt som vandrar ut frå elva, meir fisk som kjem tilbake til elva og betre fiskeopplevingar. Med denne kvotemodell unngår ein problema med personlege kvotar, der uttak av fisk er eit resultat av kor mange som fiskar, forhold for fiske og lengde på fiskesesong

FANGSTRAPPORTERING

Elveigarlag får eit nettbasert system for lovpålagt fangstrapportering, frå www.inatur.no for marknadsføring av vassdraget, sal av fiskekort, rapportering av fangst og fangststatistikk.

Dei som fiskar registrere seg på nettet for kvart fiskedøgn og leverer fangstrapport, før dei kan starte fiske på nytt. Elveigarlaget får ein korrekt fangststatistikk for heile vassdraget, og ein har fortløpande kontroll med at sesongkvote for vassdraget ikkje blir overfiska.

For meir informasjon sjå www.anadrom.no/elveprosjekt

Logg inn/ut

Generelt

Følg oss