– Me held på å mista det som gjer oss tl Noreg
Akkurat no pågår det ein krise av historiske dimensjonar i Noreg. Ein som verken handlar om Trump eller toll.
Då fangsttala for villaksen i 2024 vart offentlege i januar, åtvara klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen om at «me held på å mista det som gjer oss til Noreg». I fjor greip direktoratet inn, for seint, og måtte stogga all fiske. I kjølvatnet av den dramatiske nedstenginga kom Miljødirektoratet med nyheita om at framtida må byggja på føre-var-prinsippet. På høg tid. I år tek dei ingen sjansar: medan lakse-Noreg held pusten i påvente av skjebnesesongen 2025, kom direktoratet førre veke med dei strengaste reguleringane av laksefisket me nokon gong har sett. Fem elver blir heilt stengde, og elles kjem det kraftige restriksjonar frå nord til sør. Med eitt unnatak: Nordland.
Og tilfeldig eller ikkje – Nordland er fylket der me i Anadrom har størstedelen av verksemda vår. Her har me allereie i fleire år drive målretta arbeid for å opna stengde laksevassdrag og styrkja bestanden gjennom aktiv og kunnskapsbasert forvalting. Resultata er gode. Og me ser at føre-var-prinsippet fungerer.
Eit sentralt verktøy i dette arbeidet er kvotemodellen som Anadrom utvikla for over 15 år sidan. Modellen baserer seg på eit system med ein samla sesongkvote for mellom- og storlaks i heile vassdraget, kombinert med personlege kvotar for mindre laks. Kvotane blir fastsette forsiktig ved sesongstart, og kan justerast undervegs dersom innsiget tilseier det. På den måten kan elveeigarlaga tilpassa fisket etter reelle tilhøve, og sikra at gytebestandsmåla blir nådde. Denne modellen har vist seg å gi betre kontroll, meir berekraftig uttak og ei meir stabil forvalting over tid.
Gjennom «Prosjekt Nordland 2026» har me sett eit ambisiøst mål: å gjenopna 75 prosent av dei stengde laksevassdraga i fylket. Berre sidan 2021 har me fått opna 15 vassdrag, og fleire skal det bli. Dette er gjort mogleg gjennom samarbeid med lokale grunneigarar, elvelag og næringsliv, og gjennom ei felles forståing av at ein frisk laksebestand også gir levande lokalsamfunn.
Sjølv om Nordland slepp unna dei nye restriksjonane frå Miljødirektoratet, betyr ikkje det at arbeidet vårt stoppar opp. Tvert om: No må me halda trykket oppe og visa resten av landet at førebyggjande og berekraftig forvalting gir resultat. For Anadrom handlar dette om å sikra ei framtid der laksefisket er ein del av kvardagen langs norske elvar.