– Gjer vi jobben vår, så vil vi styrke den norske villaksbestanden
Eg er Erik Espeset, 58 år gamal. Gift med Monika – har to søner, og tre bonussøner. I juni vart eg styremedlem i Anadrom, eit verv eg tok over frå min gode kollega Per Kåre Skudal i Tafjord Kraft. Der eg til vanleg jobbar som konsernsjef.
Sidan Tafjord Kraft er ein av stiftarane møtte eg Atle Frøysland og fekk høyre om Anadrom alt i 2013, då eg var nytilsett i Tafjord. Eg hugsar at eg forsto med ein gong at Anadrom jobbar på rett måte for å styre den norske villaksstammen. Den gongen var det vanleg at mange lakseelvar vart kultiverte med utsett av villaks-smolt. Slikt arbeid rundt om i norske vassdrag hadde tradisjonelt vore utført ganske amatørmessig. Kva hadde Anadrom gjort? – jo dei henta inn spisskompetansen frå klekking og yngel/smolt-oppdrett frå den norske oppdrettsnæringa. Ola Sveen som er ein av landets fremste på området og som eg kjenner frå heimplassen min Florø, var inne som Anadrom sin rådgjevar.
Sjølv er eg sivilingeniør med tilleggsutdanning innan økonomi, og har vore leiar i industrien i store delar av det vaksne livet mitt. Eg har god erfaring med styrearbeid frå miljøstiftinga Zero, NHO og private verksemder. Eg trur at det beste eg kan tilføre Anadrom er god forståing av korleis det private og offentlege Noreg fungerer på godt og vondt, og korleis vi bør posisjonere Anadrom deretter.
Levande bygdesamfunn
Eg er fødd og oppvaksen i Florø. Sommarane var eg mykje i Norddalsfjorden hjå besteforeldra mine som hadde fiskerett i den lokale «Lakseelva». Morfar hadde røykeomn, så røykt villaks stod ofte på menyen. Det var ofte mindre tert som vi seier i Sunnfjord eller sjøkjø (sjøaure).
Det høyrest kanskje sært ut men sjølv om eg er oppvaksen nær ei elv med lakserett – så har eg aldri fiska laks. Sportsfiske eller sportsjakt på ryper interesser meg dessverre ikkje. Eg er altfor nyttefokusert og fiskar kun med garn, teine eller line og driv kun med storviltjakt.
Eg er veldig oppteken av å ta vare på og utvikle levande bygdesamfunn. Mange bygder langs heile den norske kysten har ei lakseelv. Denne elva er eller har vore viktig for bygda. Hvis ho blir godt forvalta så skaper ho bulyst, inntekter og liv i bygdene. Anadrome vassdrag er heilt unike «assets» som vi har i Noreg. Vi er forplikta til å ta vare på og forvalte villaksstammen, og gjer vi det på rett måte så kan vi skape stor tilleggsverdi også for bygder med mindre elvar enn dei store kjende som Jølstra, Gaula og Namsen.
Gjer vi jobben vår, pragmatisk og kunnskapsbasert så vil vi styrke den norske villaksbestanden og vi vil gjere vårt beste for at villaks kan leve i betre harmoni med oppdrett og kraftproduksjon.