Skip to main content

Eit mogleg vendepunkt

  • Kristoffer Solberg Refsnes
  • Nyheter

Med ein knapp månad igjen til sesongstart for dei fleste, held lakse-Noreg pusten.

2025 ligg an til å bli ein skjebnesesong. Etter fjorårets rekordlåge innsig og fangst, står villaksen no framfor den strengaste fiskesesongen nokon gong. 42 elvar får reduserte kvotar, og fem blir heilt stengde.

Bakgrunnen er velkjend: kraftig nedgang i innsig og historisk låge fangsttal i 2024, elvar som måtte stengjast midtsesong, og eit overordna bilete der villaksen i Noreg er meir enn halvert sidan 1980-talet. I lys av dette har styresmaktene for første gong lagt føre-var-prinsippet til grunn for forvaltninga. Opninga av fisket i fleire vassdrag blir særs varsamt, og kvotane skal vurderast fortløpande gjennom sesongen.

Dette representerer eit tydeleg skifte. Me i Anadrom har i over femten år forvalta eigne elvar med denne typen dynamisk kvotemodell. Me har alltid starta forsiktig, og opna meir berre dersom innsiget har gitt grunnlag for det. I periodar har me freda storlaksen fullstendig. Resultata har vore tydelege: føre-var verkar. Me har brei erfaring med styrking av bestandar og gjenopning av elver.

Difor meiner me at det me no ser, er konturane av noko større enn berre eit enkelt strammetiltak. Når nasjonale styresmakter legg opp til same type reguleringar som me har arbeidd for og utøvd lokalt, er det ikkje lenger berre ei krisehandtering. Det er eit mogleg vendepunkt i forvaltninga av norsk villaks.