Ei lita elv
Ein time nord for Bodø, i le for mektige fjell, renn ei lita elv.
Elva startar i Fjærevatnet og snokar seg sakte mellom nokre kratt og under ei lita bru, før ho munnar ut i vestfjorden. Attmed elva går ein liten grussti, bygd på dugnad, med midlar frå blant anna Landbruksdirektoratet og Anadrom. Det fortel Jahn Skille, tidlegare leiar av Fjære sameige.
Me slår fylgje med han oppover elva.
Sameige er samensatt av 52 grunneiagarar og totalt har dei vel 1500 dekar, fortel Skille. Dei har hovudsakleg drive med utleige av elgjakt.
– Ein gong i tida var det gode pengar i det, men no er det ikkje mykje per mann. Dei kjem betre til nytte i tiltak som denne stien.
Stien er 500 meter lang, og leiar oss frå bilvegen til Fjærevatnet. I enden av stien finn me ein nyleg fullført gapahuk, også finansiert av Anadrom. Der treff me noverande leiar av Fjære sameige, Kay-Inge Jensen. Så vel som dagleg leiar i Anadrom, Atle Frøysland.
Det er ein litt spesiell gapahuk, og det skal Skille ha æra for. Han fortel at den innelukka løysingen, med vindauge, var hans ide. Slik får ein også brukt gapahuken når det regnar. Vidare peikar Skille på fleire kroker inne i gapahuken, som gjer det mogleg å henga opp hengekøyer i ly for regnet.
– Hender det at folk overnattar her?
– Absolutt, seier Skille.
Han minnest og ha sett både telt og hengekøyer inne i gapahuken. Kay-Inge Jensen skyt inn at det tidlegare på dagen var ein heil skuleklasse innom området. Dei hadde sykla frå skulen, noko som slett ikkje er unormalt etter gapahuken kom på plass. Jensen legg til at det kjem ein ny klasse neste dag.
– Det er akkurat slik me ønska at det skulle bli her, seier Skille.
Like utanfor er det både benkar og bålpanne, begge populære blant skuleelevar. Et steinkast fra gapahuken, ved vasskanten, ligg eit par kanoar og nokre andre båtar. Dei får elevane, og andre besøkande, låna. På motsatt sida av elva har Skille også ordna med ein utleigebåt frå Norges Jeger- og Fiskerforbund.
– No har det blitt slik at når me køyrer forbi på motsatt sida her, så ser me som oftast at dørene til gapahuken er opne, og at nokon er her og kosar seg, seier Jensen og legg til:
– Det er kjempeartig.
På god veg
Stien og gapahuken har blese liv i vassdraget, men arbeidet er langt ifrå ferdig. Å forvalta eit vassdrag handlar vel så mykje om vedlikehald. Frøysland peikar mot utsikta, og seier at dette må dei gjera noko med. Frå gapahuken skulle ein eigentleg ha sett elva, men krattet skjuler store delar av ho.
Det same gjeld graset som har snike seg opp ved sida av gapahuken. Frøysland foreslår eit par enkle løysingar, som Anadrom gjerne kan bidra med: Skoging og kantklippar.
– Me kjem til å søka om midler til skoging, og me har ein i bygda som har pleidd å få betalt for arbeidet, seier Jensen.
Frøysland rosar dei for det, og påpeiker at nettopp dette med betalt dugnad står i handboka.
Det same gjer sti, gapahuk og skoging. Alt med formål om å gjera elva til eit attraktivt nærmiljøtiltak. På den måten bidrar elva til både bulyst, og folkehelse. Og kanskje viktigast, så kan ho betre engasjera neste generasjon til å ta eit tak for både elva, og fisken i ho.