Skip to main content

– Det tente noko i meg

  • Kristoffer Solberg Refsnes
  • Nyheter

For berre nokre år sidan vart Vareidvassdraget i Lofoten stengd for fiske grunna manglande rapportering. Men i 2022 tok ein engasjert grunneigar affære og kontakta stiftinga Anadrom. Det vart starten på eit nytt kapittel for det vetle vassdraget.

Med hjelp av ein ny videoteljar har interessa for elva skote i været, og lokal eldsjel Arent Elvestrand ser no eit lokalsamfunn som engasjerer seg meir enn nokon gong.

Engasjementet har vorte særleg synleg blant dei yngre. Elvestrand fortel at ein stor del av dei som fiskar er ungdomar mellom 12 og 14 år. Og når det er flom, seier han det kan vera så mange som 25 stykker om gongen langsmed vatnet.

– Interessen har nok spreia seg litt frå broderen og meg, til både venar og born, seier Elvestrand.

Det er ikkje berre interessa for sjølve fiske som har spreia seg. Elvestrand fortel òg om ein interesse for vettig forvaltning.

– Det var ein på 13 år her som på eige initiativ slapp ut att ein fisk på 66 cm, fortel han.

Det har alltid vore ein viss interesse for Vareidvassdraget, og Elvestrand sjølv minnest då han som niåring fekk sin første fisk. Då låg han over ei gamal bru, og slapp sen ned mellom nokon sprekker. Det vart det fisk av.

– Det tente noko i meg, og sidan har det berre vekse. Det har blitt viktig for meg å få interessa over på andre òg, seier Elvestrand.

Det har ikkje vore noko problem etter kamera kom på plass. Elvestrand fortel om ei stor auke i interesse for både fiske og forvaltning etter dei fekk på plass videoteljar i 2023. Når ungdomane ikkje står langsmed vatnet og fiskar, er dei gjerne med på dugnad – der dei ryddar elva og grillar attmed ho.

Her blir videoteljaren sete opp på dugnad. Foto: Arent Elvestrand

Utanom dei lokale ungdomane, får han òg telefonar frå engasjerte sportsfiskarar frå resten av landet. Folk som lurar på kva stoda er i vassdraget. Og på nett har han oppretta ei Facebook-gruppe der han deler videoar og anna relatert til vassdraget, også der er engasjementet stort. Førebels er det rett over 250 stykkjer som fylgjer spent med over nett, på kva som går føre seg i vassdraget.

Attpåtil har video og statistikk frå vassdraget gjort at det blir fast inventar i naturfagstimane til den lokale skulen.

– Dei lærer blant anna å sjå forskjellen på sjøaure og laks. Det er kjekt å kunne visa dei, seier Elvestrand.

Over sommaren har videoteljaren gått utan problem, seier han, og allereie natta etter at dei sette opp kameraet, fekk dei sjå den første fisken. Den tok broren hans lenger opp i vatnet, og fisken var på 73 cm – omtrent 4 kg.

Foto: Arent ElvestrandDen første fisken i teljaren – ein flott sjøaure på 73 cm. Foto: Arent Elvestrand

For vassdraget som for få år sidan var stengt, viser resultata ikkje berre at det er flust i fisk. Elvestrand meiner at potensialet òg er langt høgare enn per no. Frå Vareid ser dei rett ut i storhavet, og der ser dei av og til store stimar, fortel han.

– Då me fekk opp videoteljar fekk me jo stadfesta det me alltid har sett i havet. 

Det første året talte han over 800, og i år 552.

– Me lærer mykje om vatnet no som me ser kva som går føre seg i vassdraget.

Uavhengig av tala, meiner Elvestrand at potensialet er skyhøgt. Han seier at med litt utbetring av gyteplassar er potensialet stort, og at elva mellom dei to vatna har fin gytegrus. Når neste generasjon attpåtil har blitt engasjert i både fiske og forvaltning, trur han elva går ei lys framtid i møte:

– Det er liv laga for neste generasjon no.

Anadrom har også sendt biologar frå Akvaplan-Niva til vassdraget, og i rapporten deira skriv dei at bestanden av sjøaure er moderat – men med stort potensial. Dei skildrar blant anna store parti med eigna botn for gyting i nærleik til gode oppvekstområde for aureyngel. I den same rapporten kjem dei også med forslag til ei rekkje konkrete tiltak, som blant anna fordeling av elvegrus og fjerning av mose på utvalde stadar. Så vel som råd for korleis dei går fram byråkratisk med Statsforvaltaren, og vegen vidare når tiltaka er gjort – med instruksar for korleis og kor tid dei registrerer gytefisk. Avslutningsvis skriv Akvaplan-Niva at videoovervåkinga vil gjei eit svært godt kunnskapsgrunnlag for status på sjøaurebestand, og vidare beskatning. Det vil også gje god informasjon om moglege laks- og sjørøyebestandar. Ifølgje teljaren til Elvestrand har det riktignok kome opp 28 laks i somar.