Året som var
Då var 2024 omme, og me i Anadrom må berre takka for all støtte og merksemd me har fått. Det har vore eit innhaldsrikt år som me no gler oss til å byggja vidare på i 2025.
På nettsida vår både starta - og slutta fjoråret med eit lite vassdrag i Lofoten. Der eit par brør, og eldsjeler, Arent og Brian Elvstrand var på trykk i Lofotposten grunna det vanvittige innsiget dei kunne sjå takka vera videoteljaren frå Anadrom. De kan lesa meir om det ved å fylgja denne lenkja.
Det var i mars.
Deretter gjekk me som de alle veit, mot eit såkalt kriseår. Mykje av fisket vart stengd i somar frå Trøndelag og sørover, og ting såg dystert ut. Samstundes trappa Anadrom opp aktiviteta. Kraftig. Eit stort sett nytt styre kom gradvis på plass over somaren, med omfattande kompetanse innan avgjerande områder som råkar anadrome vassdrag. Med Erik Espeseth frå kraftbransjen, Knut Håvard Krokstrand frå oppdrett så vel som Silje Fiskum Rinø som også arbeider med miljø i eit anna oppdrettselskap. Elles kom Torben Østrem på plass som vara, og som ein med god innsikt i lokalforvaltning, då han tidlegare har arbeidd med utmarksforvaltning i kommunen. Elles har me fått på plass Tove Grav som representerer grunneigarane sine interesser og vår nye styreleiar, Henning Brath, som har omfattande erfaring frå både stiftelsar og juss. To ting me treng framover. Sist, men ikkje minst, har me ikkje greidd å bli kvitt Jan Håkon Gunnarsen. Som er den einaste frå førre styre som er med vidare. Utanom å sikra kontinuitet, sit også Jan på uvurderlig erfaring frå årevis i både privat næring og offentleg forvaltning. Summa summarum så kom eit godt motivert draumelag på plass over somaren.
Ut på hausten kom også underteikna på plass, då eg la frå meg journalistblokka og gjekk over til kommunikasjon for Anadrom i september. Det vart elddåp frå første dag, med både styremøte i Bodø og befaring i Beiarelva og Fjæreelva. Der me fekk møta elveeigarlag og underteikna fekk sjå med eigne auge kva betydning Anadrom kan ha for dei, og korleis biologane våre frå Akvaplan-Niva arbeider i elvene. De kan lesa meir om turen til Fjæreelva her og her.
Ei knapp veke seinare kom Miljødirektoratet med ei kjempenyheit for oss i Anadrom og for androm fisk – føre-var-strategien blir innført frå og med 2025, sa dei. Eit prinsipp Anadrom har arbeidd ut ifrå sidan vår spede barndom.
– Det betyr mykje for meg, sa Atle Frøysland til avisa Firda då. I ein artikkel med tittelen “Myndigheitene gjer grepa han har kjempa for i årevis”.
Gleda vart kortvarig. Ein liten månad seinare kom statsbudsjettet, og med null midlar sete bak orda er det langt frå prinsipp til handling, i ein kronikk på IntraFish summerte me det opp som to skritt fram og eitt tilbake. Like etter reiste Atle til Nordland og møtte fylkestinget, der det vart diskutert konkrete tiltak som kan gjerast for å betra tilhøva til anadrom fisk – her og no. De kan lesa meir om denne turen ved å fylgja denne lenkja.
Så var me i november, og til mange si overrasking vann Trump valet i USA. Det er langt frå amerikansk politikk til anadrome vassdrag, men likevel drista me oss på ein vekeslutt om kva me ser i distrikta – nemleg avmakt. Frå elvekanten ser me kor hardt pressa distrikts-Noreg er, og kva konsekvensane er for miljøet. Det kan de lesa meir om her.
Sidan elvene stengde, har det vore dystert blant mange sportsfiskarar. Fleire har gått så langt at dei erklærer ein æra over. Laksefisket vil aldri vera det same igjen, seier dei. På tampen av november oppmoda me difor i ein vekeslutt til å ikkje kasta inn årene heilt enno. Tvert om, meiner me at med litt innsats kan me raskt få positive resultat i elvene.
Og så var me komen til desember. Nyheita om utsetjing av gruvedrift på havbotn kom, noko me kalte ein siger for føre-var-prinsippet i ein vekeslutt. I avtale med regjeringspartia gjorde SV det klinkande klart at me har for lite kunnskap om konsekvensane. Når det kjem til miljøet har me ikkje rom til å tråkka feil, og då er eit korrekt faktagrunnlag heilt avgjerande.
Den 10. Desember hadde Anadrom årets siste styremøte, og mykje av kursen for neste år blei staka ut. Der me blant anna skal blåsa liv i samarbeidsforumet og eit fagråd. Det kan lesa meir om dette ved å fylgja denne lenkja.
Og til slutt var me komen tilbake til det vetle vassdraget på Lofoten. Grunneigar Arent Elvestrand kunne på tampen av året fortelja om ein Anadrom-finansiert videoteljar som hadde gått utan feil i heile sesongen. Og ikkje berre det, han meinte også at teljaren gjorde at interessa for elva hadde skote i veret over somaren. Når det var flom kunne Elvestrand melda om så mange som 25 ungdomar fiskande langsmed vatnet. Så vel som breitt engasjement i både dugnad og forvaltning av elva.
– Det var ein på 13 år som på eige initiativ slapp ut att ein fisk på 66 cm, fortalte Elvestrand like før jul.
Det var det. Godt nyttår!