Anadrom i Sunnmørsposten
Mange har hatt høge skuldre i påvente av årets sesong. Skjebnessesong og kriseår er skildringar som går att for å forklara stoda. Men i ei elv er ting litt annleis.
I Korsbrekkelva, på veg inn mot Geiranger, er det ikkje mangel på fisk. Sjølv om ho ligg innst i ein fjord, og dimed i teorien skal vera plaga av det som er av oppdrettsproblematikk, så er ho ikkje det. Og sjølv om det er kraftproduksjon i elva, lir ho inga nød av den grunn. Tvert om. Ifølgje Atle Frøysland kan ein argumentera for at denne elva høyrer til i Noregstoppen, om ein ser på laks per kilometer lakseførande elv. Anadrom sin statistikk viser heile 226 laks per kilometer. Til samanlikning ligg Namsen, Orkla og Bjerkreimselva frå 40-64 laks per kilometer. Difor har Anadrom i forkant av årets sesong, innstalert fisketeljar i Korsbrekkelva, for å finna ut kva som eigentleg er greia. De kan lesa meir om Korsbrekkelva i Sunnmørsposten ved å følgja denne lenkja.